Denne er for hunden! Hundeleike, bein i filt. Når hunden har bursdag, må han vel få ei gåve! Nokon gjev også julegåve til hunden, og nokon vil berre gjera noko kjekt for hunden sin. Då er denne leika fin.
God kvalitet! Alle trudde at denne ikkje kom til å vara særleg lenge, men erfaringa er at det gjer den. Frøya likar leika, og ho har brukt den i fleire mnd på dette biletet.
Veldig fint arbeid. Mål: ca. 20 cm lang. NB! Du kan ikkje velja farge. Men spør gjerne om eg har den du ynskjer.
Laga for hand i filt, i Nepal.