Minipult, putebord

Minipult (32x40cm) er eit putebord med eit utal av bruksmoglegheiter.

NOK475,00 inkl. mva.
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

MINIPULT er eit PUTEBORD som du legg i fanget. Puta formar seg etter alle underlag og ligg alltid stødig. Ved å bruka MINIPULT får du ei rettare sitjestilling og du avlastar rygg, nakke og aksler.

- Putebord anbefalt av ergoterapeutar.

Minipulten er fin å bruka saman med bærbar PC og lesebrett. Du får betre sitjestilling i forhold til å ha PC´en i fanget, og du unngår varmeutviklinga.

Minipulten er eit fint bord for alle aktivitetar du vil gjera på fanget, eta, skriva, løysa kryssord, brodera - kva som helst. Fint for folk i alle aldrar, unge og gamle. Super gåve til bestemor, eller til kven som helst i familien.

Mål: 32x40cm   NB! Fargen på puta er ikkje lik fargen på biletet.

Laga hjå Nordnes verksteder, ei bedrift som sysselset personar med særlege behov for tilpassa arbeidsplass. Når du kjøper dette produktet, viser du samstundes samfunnsansvar.  Alle produkta frå Nordnes verksteder blir merka med ei forklaring om dette.

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.