Fugl, utskoren i tre, bokfink

Fugl, utskoren i tre, bokfink, ein av dei vanlegaste fuglane i Noreg.

PrisNOK275,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Bokfinken (Fringilla coelebs)

Dei fleste bokfinkane flyg ut av Noreg i september-oktober. Nokre få allereie i august. Trekket går mot sør gjennom Danmark, Tyskland, Nederland og Belgia. Nokre overvintrar i desse landa. De fleste flyg vidare frå Belgia til Storbritannia og nokre til Irland. Eit mindretal fuglar flyg beint over Nordsjøen til desse øyane. Nokre norske hekkefuglar reiser sørover for å overvintre i det sørvestlege Europa. Eit fåtal bokfinkar overvintrar i Noreg. Bokfinkane kjem att i mars–april, og då kjem hannen eit par veker før hoa. Bokfinken har difor fått det latinske namnet coelebs som tyder 'ugift'. Når hoa kjem, jagar hannen sint alle rivalane sine vekk i frå området sitt.

Storleik på denne utskorne fuglen: ca. 14 x 5 x 9 cm   - levande er han  omlag 15 cm lang og veg rundt 20 g..

Wikipedia fortel vidare:

Bokfinken har to tydelege kvite vengeband, og issen og nakken er blågrå. Dei ytste stjertfjøra er kvite, og andletet og brystet er brunraudt. Hoa har ei mørk, grøngrå overside, men på undersida er ho ljosare.

Bokfink (hann) Hannfugl

Hofugl

Bokfinken hekkar på same stedet kvart år. Reiret vert bygt i tre og ser ut som ei djup skål som er pynta med mose og lav. Bokfinken hekkar i april–juli og han legg tre til seks egg. Rugetida er 13 dagar, og ungane forlèt reiret etter 13–14 dagar. Bokfinken kan få to kull om året.

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.