Fugl, utskoren i tre, steinskvett

Steinskvett, fugleart i flugesnapparfamilien.

PrisNOK265,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Frå Wikipedia

Steinskvett (Oenanthe oenanthe) er ein art i flugesnapparfamilien og blir rekna  som ein langdistansetrekkfugl.

Steinskvetten er utbreidd i Europa, Russland, Sentral-Asia, Alaska, Canada og Grønland. Han lever i ope og steinet terreng. I Noreg finst steinskvetten over heile landet, men han er mest talrik |i fjellet. Nokre få steinskvettar hekkar så langt nord som på Svalbard. Steinskvetten trekkjer til tropisk Afrika i august-september og kjem tilbake i april-mai.

Fuglen er ca. 14 cm lang og 21-30 gram tung. Steinskvetten et larvar, insekt og edderkoppdyr.. Om hausten kan dei også eta bær.

Reiret lagar dei av plantedeler, og det ligg i holrom i bakken, under steinheller eller på liknande stader. Hoa legg 5-7 ljos blå egg i mai-juni. Rugetida er 14 døger. Ungane blir i reiret i to veker. Steinskvetten blir kjønnsmogen etter eitt år og kan leva i sju år. Par kan halda saman i fleire år og koma tilbake til det same hekkeområdet, men hannen parar seg gjerne med flere hoer. Røyskatt og kråker tek egg frå steinskvettreir når sjansen byr seg.

Eit anna namn på fuglen er steindulp.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.