Fugl, utskoren i tre, raudstjert

Raudstjert, fugleart i .

PrisNOK230,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Frå Wikipedia

Raudstjert (Phoenicurus phoenicurus) er ein insektetande fugl som høyrer til slekta Phoenicurus i gruppa raudstjertar. Han er trekkfugl og hekkar i store delar av Europa og Sentralasia, og i det aller nordlegaste Afrika, og overvintrar i det sentrale Afrika.

Raudstjertane er ein distinkt klade av fleire fugleartar. Det rår ikkje konsensus om kva familie gruppa høyrer til. Før vart gruppa plassert i trastefamilien, men i dag vil mange plassere gruppa i familien flugesnapparar (Muscicapidae) i underfamilien Saxicolinae saman med mellom andre buskskvettar i slekta Saxicola og slekta Oenanthe, steinskvettar.

Raudstjerten er ein slank fugl på 13-14,5 cm, og veg 12-20 gram. Han sit ofte på låge greiner eller små buskar og vibrerer med stjerten. Fuglen har svart kvasst nebb, typisk for insektetande fuglar, og svarte bein. Han sit ofte oppreist og dirrar på den rustraude stjerten. Den vaksne hannen har om sommaren ei iaugefallande farga fjørdrakt med djupsvart ansikt og hals, kvit panne, grått hovud, nakke og rygg og brunaktige vengar. Brystet, buken og stjerten er skarpt teglraude, der dei mellomste stjertpennane er mørkebrune til svarte. Hoa er meir anonym i fargen, brunaktig med lyst beige bryst og kvit buk og undergump, medan stjerten er som på hannen. Seint på sommaren får raudstjerten ei drakt med lyse fjørbremmar, noko som gir fuglen ein utvaska utsjånad. Dei lyse bremmane vert slitne vekk gjennom vinteren. Dette resulterer i hannen si kraftfullt farga praktdrakt om våren.

Raudstjerten hekkar i det meste av landet, til langt opp i bjørkebeltet, men er lite talrik langs vestkysten. Fuglen likar opne skogar, og er ein karakterart for dei turre og fattige furuskogane. I august-september flyg raudstjertane sørover til savannebeltet nord for ekvator. Dei kjem attende i slutten av april og i mai.

Hekking

Vaksen hann som fangar insekt i flukt.

Raudstjerten plasserer reiret først og fremst i holrom i tre, men også i bygningar, hol på marka, steinrøyser og rugekasser. Hoa bygg eit reir av turre strå. Ho legg 5-7, sjeldan 3-10, einsfarga lyst blågrøne egg som ho rugar i 11-15 døgn. Ungane vert i reiret i 12-15 døgn og vert fora av begge foreldra. Denne fôringa held fram ei tid etter at ungane er ute. Raudstjertane har gjerne to kull gjennom ein sesong.

Gauken legg ofte egget sitt i raudstjertreiret.

Raudstjerten lever av insekt, både larvar og vaksne, og av edderkoppar. Hannane fangar mange insekt i flukta og driv matleiting oppe i trekronene, medan hoene søker etter mat i buskar og undervegetasjon, og ned på marka. Dette skiljet gjer at raudstjertane utnyttar territoriet betre. Seint på sommaren og om hausten et raudstjertane også bær.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.