LØFTESLANDET - barnebibelen der alle karakterane er dyr! Du kan ha høyrt at Jesus er som ei løve og eit lam, men visste du at farao blir kalla for ein krokodille? Og at Josef blir kallla for ein okse med store horn? Sjå korleis Gud skaper verda og plantar ein vakker hage i landet Eden. Gud set Adam og Eva til å styra over jorda. I hagen finst det ein vond og slu slange som lurer dei, så dei må forlata hagen. Slangen sin vondskap fyller verda.
Har Gud ein plan, eller vil slangen vinna? I Løfteslandet og kan du oppleva Guds mysterium. Dette er den første av tre bøker i trilogien Løven av Juda.
Forfattar og illustratør: Haakon Lie Dette er bok 1 av 3 i triologien Løven av JUDA (Bok 2 er ikkje ferdig ennå.)
Boka er kjøpt inn av Kulturrådets innkjøpsfond og sendt til alle bibliotek i landet. Det er eit kvalitetsstempel. Men denne boka er av dei som er kjekke å ha i heimen. Ungane blir ikkje fort ferdige med denne. I staden for å forlenga lånefristen, gje ho i gåve til barnet ditt, tanteungen din, barnebarnet ditt, fadderungen din og andre.
Omtalar:
Nydelig illustrert bok Barna elsker den og vil lese i den hver kveld til stor glede for oss.
Fantastisk! Denne boka fanget både små og store fra første side! Ungene på 3 og 6 år synes den er veldig spennende og fengende! Utrolig mye læring i tekstene på en veldig forståelig måte! Fansv. tastiske bilder og fantastisk formidling!