Gå til innholdet

Fugl, utskoren i tre, bjørkefink

Fugl, utskoren i tre, bjørkefink, ein av dei vanlege fuglane i Noreg.

PrisNOK275,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Bjørkefink er ein fugleart i finkefamilien, før kalla bergfink. Storleik som bokfink. Hannen i vår-/sommardrakt med heilsvart hovud, rygg og hale, kvit overgump og underside; strupe og bryst rustgule. Vengene er svarte med enkelte ljose striper og band. Hoa er gråbrunt spragla på hovud og rygg, og det er også ungfuglar og hannar i haust-/vinterdrakt. Hoa har også kvit overgump (bokfink grøn). Førekjem som hekkefugl over det meste av landet, men i Sør-Noreg vanlegast i høgareliggjande skogtrakter, spesielt fjellbjørkeskog. Trekk- og streiffugl; kan i vinterhalvåret opptre i store flokkar ofte i følgje med bokfink, som han delvis liknar. Fuglebrettfugl om våren og delvis om vinteren, særleg på Sør- og Vestlandet. Norske fuglar overvintrar hovudsakeleg frå Sør-Skandinavia til Nord-Italia. Kjem tilbake til hekkeområda i løpet av april/mai.

Også kjend som Fringilla montifringilla

Bjørkefink byggjer reir i tre, ofte tett inntil stammen. Reiret er godt kamuflert og er ei fint fletta, djup skål med fjører og strå. Dei 5–7 ljos blå egga med mørke flekkar minner om bokfinkegg, og dei blir ruga på i 11–12 dagar før dei blir klekte.

Mål på bjørkefink:  14 - 16 cm lang

Vingespenn: 25-26 cm
Vekt: 17-30 gram
 
Om lag så stir som ein spurv.

Kjelde: Store norske leksikon

Les meir og høyr fuglesongen her: https://www.birdid.no/bird/eBook.php?specieID=1061

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.

Adresse
Gidl 3, 4244 Nesflaten
Telefon
400 92 745
E-postadresse
post@allverdas.no
Føretaksregisteret
969242907
Theme primary color
Logo background color
Shop open for business