BeesWrap-1 ark X- large/brød

BeesWrap-1 ark X- large/brød Eit supert alternativ til plastfilm. Held maten frisk og fin lenge. Kun naturlege og ufarlege stoff. Bruk det om og om igjen.

PrisNOK270,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Bees wrap er eit fornuftig, miljøvenleg og naturleg alternativ til plastfilm og annan plastoppbevaring. Arket som er laga av økologisk bomull innsett med bivoks, jobajoba-olje og treharpiks er ein svært god måte å oppbevara matrestar, frukt, brød og mykje anna på.

Bee´s Wrap 1 ark i str X-large /brødpakning 43,0 x 58,0 cm. Passar godt til innpakking av brød. 

BRUK
Bee´s Wrap brukar du til å pakka inn brød, ost, grønsaker, snacks, sandwich, eller til å dekke over ei skål, ei bolle, ei mugge, ein kasserolle, osv.

Du kan bruka arket om og om igjen, viss du behandlar dei på korrekt måte.

Vask arket i KJØLIG vatn med mild oppvasksåpe. Heng det opp til tørk, brett saman og legg det i skuffa til du treng det. Verre er det ikkje. Eitt ark Bee´s Wrap vil då vara i cirka eitt år, viss du behandlar det riktig. Bruk aldri varmt vatn på! Det øydelegg belegget. Og OBS! Ikkje bruk arket til kjøt.

Det er ikkje eigna til bruk i komfyr, mikroomn eller i oppvaskmaskin.

Du mjukar opp Bee´s Wrap arket med varmen frå hendene dine. Klem litt på arket, og det føyer seg som plastfilm. Genialt!

ØKOLOGISKE FORDELER
Bees Wrap er framstilt av naturlege stoff som ikkje er farlege for naturen, dyr eller menneske.

 

LEVERANDØR / MERKE
Produsert av Bees Wrap
Produksjonsland: USA

Sarah Kaeck ville skapa ein sunn og berekraftig måte å oppbevara maten på. Då oppdaga ho ein gamal tapt tradisjon. Denne gjennoppliva ho og i dag sender ein entusiastisk gjeng Bees Wrap produkt rundt i heile verda.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.