Meråkersokken Art.nr: NV35
Ein middels tjukk alpakkasokk med elastisk strikk rundt ankel og legg. Den lauststrikka mansjetten gir ei behageleg passform som sit godt utan å strama, og han gir samstundes sokken eit karakteristisk og dekorativt uttrykk rundt leggen.
Denne modellen er spesielt populær blant dei som ønskjer ein mjuk, mellomtjukk sokk med god komfort rundt leggen.
Han passer best i sko med litt ekstra plass. Han held føtene varme og komfortable heile året.
Materiale: 70% alpakka, 30% nylon (for slitestyrke)
NB! Dei eg har i butikken no er koksgrå/svarte, sjå bilete.
Alpakkahår er varmare, sterkare og lettare enn vanleg ull. Alpakkasokkar på foten kjennest som rein luksus for både vaksne og born.
Natur Alpakka. Produsert i Peru.