Denne fine handdokka, krokodille med fem apekattar til, har eg fått laga til songen om apekattane som erta krokodillen - men så kjem krokodillen så stor og så svær og - smakk, så var der berre fire apekattar der og slik går det vidare med dei este fire. Dramatisk soge med passeleg spenning. :-)
Handlaga i tova ull.
Songen er svært populær. Han blir brukt i alle barnehagar i heile landet, trur eg. Det kan ikkje vera langt i frå, i alle fall.
Sidan ungane kan songen, er dette og ei poplær gåve til ungar. Bestemødrer kjem tilbake til butikken og er så fornøgde for gåva dei hadde med, fall så i smak. :-)
Høyr og sjå songen på You tube. Kari Malmanger har laga to videoar, ein der ho syng og ein der ho seier fram regla.
Regle
Song