Dette puslespelet viser desse artane: frå øvst til venstre: Quetzacoaltlus, Microraptor, Iguanodon, Lambeosaurus, Tyrannosaurus rex, Triceratops, Dromaeosaurus, Ankylosaurus, Troodon, Pterodacryl, Krokodille, Lizard, Vegavis, øyenstikkere og Cimolestes.
Puslespelet er best tilrettelagt for barn frå 5 år. Nokre av brikkene er forma som arktiske dyr inkludert ein isbjørn, sjøløve, ein bjørn, ein kval og ein hund.
Barnet får trena koordinasjonsevna, samstundes som det lærer historie.
Dette puslespelet har 65 brikker.
Mål: 36 x 28 cm.
Alder: Frå 5-6 år, eller yngre barn som likar å pusla.
Larsen Puslespel
- tyder kvalitet, laga av kraftig kartong. Brikkene er gode å ta i og dei vil ikkje brekka eller bøya seg.
- har tal på brikker som er tilpassa alderen på dei puslespelet er laga for.
- har fast ramme og plate under brikkene. Det gjer det lettare å pusla. Vel heller eit lett puslespel som borna kan pusla mange gonger, enn eit vanskeleg som dei kan gje opp.
Barnet vil etter kvart kjenna igjen forma på ulike brikker, og dei vil hugsa kor brikkene skal liggja. Ved å læra å kjenna igjen former på puslespellbrikker, vil barnet også lettare læra å kjenna igjen andre former, som bokstavar og ord når dei les.
Gjennom å pusla øver barnet finmotorikk, pinsettgrep, form- og fargeattkjennig, hand-auge-koordinasjon, konsentrasjon og avslapping.