Puslespel, Dinosaurar frå Juraperioden

Puslespel, Dinosaurar frå Juraperioden

PrisNOK139,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)
For lenge, lenge sidan, i Juraperioden, levde dinosaurane på kloden vår. Her kan vi sjå dei jakta, leika og eta igjen. Ein allosaurus jaktar bytet sitt når dei kjem til vatnet for å drikka. Forskjellige urfuglar fyk gjennom lufta over dinosaurane. Kan du finna den blå ornitholestes som prøver å snika seg bort? Ein barosaurus og en stegosaurus et fredfullt blant bregner og bartre. En pleisiosaurus stikk hovudet opp frå vatnet for å følgja med på dei andre. Kva for ein farge har ammonittane  vannet?

Barnet får trena koordinasjonsevna, samstundes som det lærer historie. 

Dette puslespelet har 35 brikker.

Mål: 36 x 28 cm.

Alder: Frå 3 år. 

Larsen Puslespel

  • tyder kvalitet, laga av kraftig kartong. Brikkene er gode å ta i og dei vil ikkje brekka eller bøya seg.
  • har tal på brikker som er tilpassa alderen på dei puslespelet er laga for.
  • har fast ramme og plate under brikkene. Det gjer det lettare å pusla. Vel heller eit lett puslespel som borna kan pusla mange gonger, enn eit vanskeleg som dei kan gje opp.

Barnet vil etter kvart kjenna igjen forma på ulike brikker, og dei vil hugsa kor brikkene skal liggja. Ved å læra å kjenna igjen former på puslespellbrikker, vil barnet også lettare læra å kjenna igjen andre former, som bokstavar og ord når dei les.

Gjennom å pusla øver barnet finmotorikk, pinsettgrep, form- og fargeattkjennig, hand-auge-koordinasjon, konsentrasjon og avslapping.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.