Puslespelet «Norden og Baltikum» har kart over dei 5 nordiske og de 3 baltiske landa. Dei måtte flytta litt på Island for å få landet med på puslespelet. Island ligg eigentleg lenger ute i havet, men eit kart over «Norden» er ikkje komplett utan Island. Puslespelet har 75 brikker som er skorne ut langs landegrenser og kystlinjer, og det passar best for litt eldre barn og vaksne. Studer kartet før du tar brikkene ut av råma, kva for land ligg lengst mot aust, vest, nord og sør? Kva heiter bukta mellom Sverige og Finland? Oppe i venstre hjørne er flagga til dei 8 landa, og på råma til høgre finn du riksvåpena til dei uliek landa.
Det er 75 brikker. Oppdatert kart.
Mål: 36 x 28 cm.
Alder: Frå 8-9 år.
Larsen Puslespel
- tyder kvalitet, laga av kraftig kartong. Brikkene er gode å ta i og dei vil ikkje brekka eller bøya seg.
- har tal på brikker som er tilpassa alderen på dei puslespelet er laga for.
- har fast ramme og plate under brikkene. Det gjer det lettare å pusla. Vel heller eit lett puslespel som borna kan pusla mange gonger, enn eit vanskeleg som dei kan gje opp.
Barnet vil etter kvart kjenna igjen forma på ulike brikker, og dei vil hugsa kor brikkene skal liggja. Ved å læra å kjenna igjen former på puslespellbrikker, vil barnet også lettare læra å kjenna igjen andre former, som bokstavar og ord når dei les.
Gjennom å pusla øver barnet finmotorikk, pinsettgrep, form- og fargeattkjennig, hand-auge-koordinasjon, konsentrasjon og avslapping.