Dette flotte puslespelet med fysisk kart over Noreg har 61 brikker, og det eignar seg best for litt større barn. Norge er eit langt land, og mange stader i nord er det ganske smalt. Me har derfor kart over Nord-Norge til venstre på puslespelet og Sør-Norge til høgre. Om du legg puslespelet på bordet, utanfor råma, kan dei to delene koblast saman slik at du får heile noregskartet samla i sin fulle lengde. Om du studerer kartet, finn du namn på byar, isbrear, elvar, dalar, fjordar, øyar, innsjøar og hav. Dei høgaste fjella er markert med namn og høgde i meter. Rundt kartet er dei største byene sine kommunevåpen.
Det er 65 brikker. Oppdatert kart.
Mål: 36 x 28 cm.
Alder: Frå 8-9 år.
Larsen Puslespel
- tyder kvalitet, laga av kraftig kartong. Brikkene er gode å ta i og dei vil ikkje brekka eller bøya seg.
- har tal på brikker som er tilpassa alderen på dei puslespelet er laga for.
- har fast ramme og plate under brikkene. Det gjer det lettare å pusla. Vel heller eit lett puslespel som borna kan pusla mange gonger, enn eit vanskeleg som dei kan gje opp.
Barnet vil etter kvart kjenna igjen forma på ulike brikker, og dei vil hugsa kor brikkene skal liggja. Ved å læra å kjenna igjen former på puslespellbrikker, vil barnet også lettare læra å kjenna igjen andre former, som bokstavar og ord når dei les.
Gjennom å pusla øver barnet finmotorikk, pinsettgrep, form- og fargeattkjennig, hand-auge-koordinasjon, konsentrasjon og avslapping.