Puslespel, verdskart, politisk inndeling av land

Puslespel, verdskart. Brikkene er utskorne etter grenser og kystlinjer.

PrisNOK139,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Kor ville du reist om du kunne reisa kor som helst i hele verda? Dette verdspuslespelet viser land, hovudstader og kontinent fra alle verdas hjørne. Råma er dekorert med forskjellige transportmiddel slik som hest og kjerre, bil, tog, båt og fleire. Du vil også finna menneske, både menn og kvinner frå heile verda. Puslespelet er ikkje fullstendig før alle de 107 brikkene er på plass. Brikkene er utskorne etter grenser og kystlinjer. Sidan puslespelet har over 100 brikker er det mest tilrettelagt for eldre barn.

 

Det er 107 brikker. Oppdatert kart og med norske namn.

Mål: 36 x 28 cm.

Alder: Frå 7-8 år. 

Larsen Puslespel

  • tyder kvalitet, laga av kraftig kartong. Brikkene er gode å ta i og dei vil ikkje brekka eller bøya seg.
  • har tal på brikker som er tilpassa alderen på dei puslespelet er laga for.
  • har fast ramme og plate under brikkene. Det gjer det lettare å pusla. Vel heller eit lett puslespel som borna kan pusla mange gonger, enn eit vanskeleg som dei kan gje opp.

Barnet vil etter kvart kjenna igjen forma på ulike brikker, og dei vil hugsa kor brikkene skal liggja. Ved å læra å kjenna igjen former på puslespellbrikker, vil barnet også lettare læra å kjenna igjen andre former, som bokstavar og ord når dei les.

Gjennom å pusla øver barnet finmotorikk, pinsettgrep, form- og fargeattkjennig, hand-auge-koordinasjon, konsentrasjon og avslapping.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.