Manna røyrsukker er eit heilt naturleg søtningsmiddel, utvunne frå sukkerrøyr.
BRUK
Bruk røyrsukkeret til alle formål der du elles ville brukt kvitt sukker.
VITAMINAR OG MINERALAR
Økologisk røyrsukker er ikkje raffinert og inneheld dermed litt melasse som igjen inneheld litt vitaminar og mineralar. Men innhaldet av vitaminar og mineralar er lågt så ernæringsmessig har det lite å seia. Det har mest å seia for smaken.
ØKOLOGISKE FORDELAR
Ingen kunstige tilsetningsstoff. Produsert utan bruk av sprøytemiddel.
LEVERANDØR / MERKE
Merke: Manna
Manna er Norganic sitt merke. Ein stor del av desse produkta blir pakka hos Proservice som er ein av landets leiande produksjons- og opplæringsbedrifter for menneske med nedsett arbeidsevne. Dei har ansvar for oppfølging av nær 200 medarbeidarar i ulike tiltak.