Engel frå Sør-Afrika, Vondeling, Marinda

Engelen Marinda er nydeleg, med turkise perler og strustefjør.

NOK160,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Det er ein englefabrikk i Karoo…..I det aude og uendeleg vakre Karoo i Sør-Afrika finst ein avsidesliggjande landsby – Vondeling. Og i Vondeling finst det ei lita nedlagt kyrkje. Til denne kyrkja går det dagleg 10 menneske på jobb. Jobben deira er å strikka og hekla englar i ståltråd og glasperler, filt og strutsefjører. Og når desse englane er ferdige, fyk dei ut i verda – og ein del kjem til oss på Nesflaten, i Noreg. 

Engelen Marinda har kvit strutsefjørkjole, lyst filthovud, hjarteforma vengjer og krone med turkise og klåre perler. Kontrastane mellom det kvite og det turkise gjer henne nydeleg og annleis.

Høgde: ca 16 cm

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.