Lommebok i hamp med god plass til kort, myntar, setlar og kvitteringar.
Mål: 13 x 10 cm.
Laga i Nepal. Fair Trade.
Kva er hamp?
Denne typen hamp er ein art av planten Cannabis Sativa, men han inneheld ikkje THC, som er det rusgjevande stoffet i planten.
Der er fleire grunnar til å velja tekstil av hamp i staden for av bomull.
Hamp er betre både for helsa og miljøet. Planten treng mykje mindre vatn enn bomull i dyrkinga, og ingen sprøytemiddel, og han har god innverknad på jordsmonnet der han vert dyrka. Hamp gjev to gonger større avling til tekstilproduksjon enn bomull. Hamp kan òg brukast som erstatning for trevyrke i papirproduksjon, han gjev rundt fire gonger større utbytte per areal enn skog, og betre papirkvalitet.
Hamp har også vore dyrka i Noreg, heilt sidan vikingtida og fram til midten av 1900-talet. Han vart brukt til tauverk, fiskegarn, klede og andre tekstilar, men mesteparten av avlingane gjekk med til å produsera seglduk. Dyrkinga hjå oss vart stoppa heilt etter 2. verdskrigen, då hamp, saman med marihuana, vart forbode i USA.