Lita veske med plass til dei viktige tinga, ein litt stor mobil, eller ein liten og t.d. dei 4 p'ane om du er på reise: pass, pengar, piller og pillettar!
Laga i godt mjukt skinn, heilfôra. Stort rom i midten og 4 glidelåslommar utanpå. Veska rommar meir enn ein skulle tru.
Når ho verkar full, er det endå plass til litt til.
Mål: ca 18 x 23 cm, Farge: svart. NB. Den eg har inne no, har kongeblått fôr.
Veska er sydd av fagmann på ein liten verkstad i Nepal. Dette er Fair trade.