Fin veske i godt mjukt skinn, heilfôra. 5 rom, 2 glidelåslommar utvendig, 1 utvendig lomme med magnetlukking, 1 innvendig glidelåslomme.
Du får lett oversikt over innhald fordi glidelåsen går ned på sidene, så opninga blir større. Lang hank, regulerbar, passe brei så veska heng godt både på og over aksla. Veska er lett i seg sjølv, det er nok vekt med det du skal ha med.
Her er det plass til dei fire p'ane: Pengar, pass, pillettar og piller. Du kan også ha med ei lita vassflaske og ein liten matpakke - og så mobilen, sjølvsagt og endå litt.
Denne veska passar både for damer og menn.
Mål: ca 21 x 16 x 6 cm
Veska er sydd av fagmann på ein liten verkstad i Nepal. Dette er Fair trade.