Barnebibelen av Alf Kjetil Walgermo gjennomillustrert av Anna Fiske

Barnebibelen av Alf Kjetil Walgermo gjennomillustrert av Anna Fiske

PrisNOK429,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Om boka

Ny barnebibel med fleire historier om jenter og kvinner.

Forteljingane i Bibelen er blitt fortalde i hundrevis av år. Dei er grunnlaget for den kristne trua og ein sentral del av den vestlege kulturen. I tillegg er bibelforteljingane spennande!

I denne flotte barnebibelen blir du kjend med dei viktigaste personane i Bibelen. Forfattar Alf Kjetil Walgermo har gjenfortalt historiene og har mellom anna tatt med fleire jenter og kvinner enn det som har vore vanleg i tidlegare barnebiblar. Her får du ikkje berre høyra om Daniel i løvehola og Jona i fiskebuken, men også om smarte dronningar som Ester, sterke leiarar som Debora og sentrale augevitne som Maria Magdalena. Barnebibelen er gjennomillustrert av Anna Fiske. Den særeigne streken hennar er med på å gi dei gamle historiene eit friskt og nytt uttrykk, både respektfullt og med humoristisk snert. Boka passar godt både til høgtlesing for små barn og som ei innføring i Bibelen for barn som sjølve har lært å lesa. Ho vil i tillegg vera eit fint alternativ for vaksne lesarar som ønskjer å få med seg det aller mest grunnleggande på kortfatta vis.

«Boka er ei forrykande fargebombe med ein originalitet som gjer at denne barnebibelen truleg vil nå fram til eit breiare publikum enn meir tradisjonelle utgjevingar.»
- Sofie Braut, Vårt Land

«Walgermo møter tekstane med respekt, han dukkar ikkje unna det vanskelege, og han får fram nerven i bodskapen.»- Tarjei Gilje, Dagen

«Barnebibelen er blitt både en praktbok og en praktfull bok, og jeg ville ikke nøle med å gi den til et barn som viste interesse for bibelhistoriene. Jeg tviler på at det finnes en bedre versjon på markedet.»- Marius Emanuelsen, Barnebokkritikk.no

 

Innbunden | Sidetal: 203 | ISBN: 9788234006630

 

 

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.